Smart arbeidskvardag: Dette må bli tradisjon!

Ei oppsummering av kunde- og leverandørtreffet "Smart arbeidskvardag" – takk til alle flotte kundar og samarbeidspartnarar som tok turen!

Mange fine kundar og leverandørar i butikken til Voss Kommunikasjon på kundetreffet "Smart arbeidskvardag".

– Det vart ein suksess!

Arrangementsansvarleg Marianne Sandvik er svært glad for avviklinga av kunde- og leverandørtreffet "Smart arbeidskvardag":

– Me er veldig nøgde med arrangementet, og det virkar det som kundar og leverandørar var og. Det var god stemning både på dagen og på kveldsprogrammet på Elva Hotel og mange har takka for ein fantastisk dag og kveld! Leverandørane er samde om at dette må bli tradisjon, fortel Sandvik.

"Eg håpar at me alle vert litt smartare før me går herifrå i dag", sa dagleg leiar Roger Hovland då han opna kunde- og leverandørtreffet "Smart arbeidskvardag". Han var oppteken av å få vist fram "alle dei flotte samarbeidspartnarane våre som står på kvar dag for å gje oss dei beste tenestene og vilkåra slik at me kan levera og vera konkurransedyktige i marknaden."

Dagleg leiar Roger Hovland er glad for alle leverandørane som stilte opp:

– Me er heilt avhengige av slik støtte frå leverandørane. Det viser kven me har i ryggen, og det er flott at me frå Voss kan vera bindeleddet mellom lokalt næringsliv og store, leiande selskaper innanfor IT. Å samla folk ligg i DNA-et til selskapet vårt. Me brukar posisjonen vår til å knyta dei saman, både det faglege om dagen og det sosiale om ettermiddagen og kvelden.

– Eg vil takka alle som var med, og eg vil retta ein spesiell takk til hovudansvarlege Marianne og Tom-Erik her på huset som gjorde ein kjempeinnsats, seier Hovland.

Kai Olsen og Jan Ove Johansson frå Epson er blant dei som var med på jubileumsfeiringa "Trygg digital kvardag" i fjor, og var ivrige på å vera med igjen på kunde- og leverandørtreff i år. Dei viste fram eit utval av dei nyaste og mest effektive Epson-skrivarane.

Å samla folk ligg i DNA-et til selskapet vårt.

Roger Hovland, dagleg leiar

Utstyr til ein smartare arbeidsplass

Meir og meir av arbeidet ein gjer skjer på data og med ulike digitale løysingar. Dette er framleis eit relativt nytt fenomen: Ein skal ikkje så mange år tilbake før "Zoom" og "Teams" var framandord, for eksempel.

Likevel finst det framleis mykje å gå på når det kjem til effektiv samhandling og ergonomiske løysingar på dei fleste arbeidsplassar. Me håpar at våre leverandørar Scandec, Logitech og Moustrapper inspirerte våre kundar med sine smarte løysingar!

Håkon Bjørø frå Scandec viste fram ein interaktiv møteromsskjerm med mykje smart funksjonalitet. I staden for å stå med nesa ned i ei datamaskin når ein held presentasjon kan ein gjera alt ein treng direkte på den store multitouch-skjermen – som om det var snakk om eit svært nettbrett.
Madeleine Ivers viste fram det nyaste innan video, lyd og digitalt konferanseromsutstyr frå Logitech, ein leiande aktør innan digitale møteromsløysingar. I ein stadig meir hybrid arbeidskvardag er det viktig å ha enkelt, smart og velfungerande utstyr for å skapa minst mogeleg friksjon i møtesituasjonar. I følge tal frå Logitech inneheld så mykje som 80% av jobbmøter no minst ein "digital deltakar".
I 1994 laga den svenske oppfinnaren Rolf Strömberg det fyrste ergonomiske Mousetrapper-tastaturet. Stadig meir av arbeidsdagen foregår framfor skjermen. Desto viktigare er det å minimera risiko for belastningsskadar og smerter i armer, skuldre, rygg og nakke. Det er nettopp dette Mousetrapper fokuserer på, fortalde Christine Tandberg.

Datagigantar

Me er stolte over å ha to av verdas leiande dataselskaper som samarbeidspartnarar, og me er glade for at dei tok turen og presenterte under "Smart arbeidskvardag".

I fjor fylte den ikoniske Thinkpad-modellen 30 år, og på "Smart arbeidskvardag" fortalde Øystein Norstrøm frå Lenovo om korleis brukaroppleving, tryggleik, samhandling og berekraft framleis er hovudverdiane til 30-åringen og Lenovo-selskapet generelt.
Nicolai Amor frå HP gjekk grundig gjennom korleis selskapet satsar på tryggleik, brukarvenlege løysingar og berekraft i alle ledd.

Er det smart med IT-tryggleik?

Fjorårets jubileumskonferanse hadde digital tryggleik som hovudtema. Fleire av våre leverandørar og samarbeidspartnarar plukka opp igjen tråden i år.

I ei verd prega av uro og konfliktar der trusselbiletet er i stadig endring er vektlegginga av trygge løysingar på arbeidsplassen ikkje berre nødvendig, men essensielt for å sikra framtidig vekst og stabilitet.

Vår eigen tekniske leiar Bård Magnus Fatland heldt ein presentasjon om IT-tryggleik. Han fortalde om korleis ein går fram for å sikra både "inngangsdøra", einingane og innhaldet på best mogeleg måte på arbeidsplassen. Det å halda god IT-tryggleik er ein kontinuerleg prosess, og ein lyt ha gode rutinar for backup og beredskap om ein skal sikra seg best mogeleg.

Fysisk tryggleik er framleis svært viktig i mange bransjar. Hikvision er verdas leiande produsent av overvåkningsutstyr, og Erlend Olsen gjorde greie for mange av dei nyaste funksjonane som selskapet satsar på innan AI-styring, "Big data" og ulike tryggleiksløysingar.

Eiga eller leiga – kva er smartast?

Visste du at alle produkta me sel og kan leigast, gjennom vår samarbeidspartnar DLL?

Det er mange fordelar med denne måten å skaffa utstyr til bedriften på. Blant anna frigjer ein kapital, ein får betre forholdstal i balansen, betre kontantstraum, meir fleksibilitet i utstyrsparken og ein slepp forskuttering av meirverdiavgift!

"Du skal eiga det som stig i verdi, og leiga det som søkk i verdi" sa Jean Paul Getty, ein av verdas fyrste dollarmilliardærar. Lillian Høvik frå finansieringsgruppa DLL fortalde dei frammøtte om dei mange fordelane ved å leiga IT- og kommunikasjonsutstyr i staden for å eiga.

Varemerke eller merkevare?

Marknadsføring, kommunikasjon og merkevarebygging er og i endring, og stadig fleire smarte og digitale flater og løysingar dukkar opp og gjer seg gjeldande. Me fekk vår eigen Mediesmio på besøk for å læra oss meir.

André Bjørkhaug frå Mediesmio fortalde om merkevarebygging og kva som skal til for å framstå som attraktiv og truverdig hjå målgruppa. I dag vert me alle bombarderte med inntrykk kvar dag, gjennom eit mangfald av kommunikasjonskanalar. Kva skal til for å trengja gjennom og nå ut med bodskapen sin?

Tusen takk til alle kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar som var med!

Ein av mange gode kundar som tok turen på Smart arbeidskvardag! Styrk Andersen frå Styrk Media i Norheimsund.

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.