Fleire nye fjes hjå Voss Kommunikasjon

Møt våre tre nye medarbeidarar som skal vera med å styrka laget vårt!

Med den veksten Voss Kommunikasjon har hatt dei siste åra har me og fått auka behov for teknisk personell og salsressursar. Dette har no ført til tilsetjinga av tre nye medarbeidarar for å styrka laget!

Samstundes takkar rådgjevar Marianne Sandvik for seg etter mange år i Voss Kommunikasjon.

– Det har vore veldig kjekt og fint å ha Marianne på laget. Ho har bidratt mykje både fagleg og sosialt, noko som blir vanskeleg å erstatta. Ho har vore med å løfta kompetansen vår på tenester og leveranser og det har vore inspirerande å følga utviklingen hennar. Me ynskjer ho alt godt vidare, seier dagleg leiar Roger Hovland.

Lars Thorsen, nytilsett på fyrstelinje support.

Sindig sørlending på support

– Lars Thorsen, ein sindig sørlending, kjem inn for å handtera fyrstelinje support og bidra til å hjelpa kundar når dei har teknisk trøbbel. Han vil vera vår stemme og vårt ansikt utad for alle med utfordringar. Sveinung, som har hatt denne rolla til no, blir flytta opp i systemet med nye ansvarsområde, fortel Hovland.

Ruben jobba litt hjå oss for nokre år sidan – no er han tilbake på fulltid!

Gjennom nålauget

Ruben Vindal Heggebø vender tilbake til Voss Kommunikasjon med erfaring frå tidlegare arbeid her og fagbrev i IKT.

– I fyrste omgang steppar han inn for butikkansvarleg Stine som er ute i mammapermisjon, og så kjem me nok til å bruka han på teknisk eller sal etterkvart, litt ettersom kvar me ser at skoen trykker mest, seier Hovland.

Peder er vår nye bedriftsrådgjevar med fokus på telekom.

Peder Hagelund startar 1. april som bedriftsrådgjevar med eit fokus på telekomløysingar. Han kjem med ein sterk salsbakgrunn og vil ha ansvar for å pleia eksisterande kundar og utvikla nye forretningsmoglegheiter.

– Det var overraskande mange søkarar på desse stillingane, så dei nye tilsette er nøye utvalde, dei har kome gjennom nålauget og er klare til å bidra positivt til Voss Kommunikasjon si framtid. Me gler oss til å ynskja dei velkomne, seier Roger.

Ikkje gløym IT-sikkerheit i ferien

Det er faktisk fort at det er i ferien ein går på ein smell når det gjeld IT-sikkerheit, i følge Hovland:

– Kanskje skal du nett inn og sjekka mail og plutseleg har du opna eit vedlegg eller trykka på ei lenke du ikkje skulle trykka på. I tillegg er det rekneskapstid no, og mykje dokumentflyt fram og tilbake med rekneskapsførar. Dei cyberkriminelle veit å utnytta sånt, så ein bør vera ekstra på vakt no, fortel han.

Ellers er det berra å nyta påsken og koma seg til fjells – me ynskjer alle våre kundar og samarbeidspartnarar ein riktig god påske!

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.