Konferanserom i verdsklasse på Elva Hotel

– Når me såg reisverket komma opp her forstod me at dette kom til å bli det kulaste møterommet på Voss, ja heilt i verdsklasse med den utsikten. Difor ville me ha teknisk utstyr som var like bra, seier Frode Solbakk frå Elva Hotel.

Frode Solbakk i konferanserommet på Elva Hotel

I juni i år opna design- og landskapshotellet Elva Hotel. Med fantastisk plassering ved Lundarvatnet, fine dining-restaurant, stilig arkitektur og nærleik til natur og aktivitetar satsar dei på kvalitet og unike detaljar i alle ledd, også når det kjem til konferanserommet.

Voss Kommunikasjon har levert tekniske løysingar for lyd og video til dette rommet, og lydanlegg til restauranten og uteområdet. Frode Solbakk, Mange Bekker Arkitektur og dei andre utviklarane av hotellet hadde strenge krav til kvalitet og integrering i rommet, så her fekk Voss Kommunikasjon bryna seg på tilpassa løysingar utanom det vanlege!

Det særeigne hotellet er teikna av Mange Bekkar Arkitektur, og utvikla av Voss Active. Foto: Elva Hotel/Sverre Hjørnevik.


Runddans og forvirring

I utgangspunktet skulle konferanseromsutstyret leverast som ein del av totalentreprisen, men Frode Solbakk (administrerande direktør i Voss Active) og gjengen på Elva Hotel fekk tatt dette ut av avtala.

– Me forstod at konferanserommet vart ein viktig del av hotellet, og me ville helst kontrollera prosessen med utstyret sjølve, og undersøka kva ulike leverandørar kunne levera. Me har jo lokal kompetanse i bygda, og ville gjerne nytta denne om det lot seg gjera. Det vart ein lang "runddans" med tilbod frå ulike aktørar, ulike tekniske løysingar og matching på pris, seier Solbakk.

Frode fortel at han vart heilt forvirra på eit tidspunkt, fordi det var så mange tekniske detaljer og prisar fram og tilbake frå dei ulike aktørane.

– Det løsna då Tom-Erik frå Voss Kommunikasjon tok utgangspunkt i totalbudsjettet og forenkla bestillinga litt. "Då er det budsjettet, også dekkar me det, det og det", sa han, og då vart det enklare for meg, for eg har jo ikkje eigentleg peiling på alt det tekniske ved dei ulike løysingane eller tid til å setja meg inn i alt det på detaljnivå, seier Frode Solbakk.

Frode Solbakk frå Voss Active og Gøran Fimreite frå Voss Kommunikasjon, som har vore teknisk leiar for arbeidet med konferanserommet.

Funkar kvar gong

Sjølv om Frode ikkje hadde inngåande teknisk kompetanse på AV-utstyr, så hadde han to tydlege føringar ved valg av teknisk løysing til konferanserommet. For det fyrste måtte utstyret vera så brukarvenleg som mogeleg.

– Me var veldig opptekne av at utstyret skulle vera så enkelt som mogeleg å bruka. Me er 62 tilsette på huset, og me veit aldri kven som må låsa opp rommet og fyra opp video og lyd. Det må vera enkelt og intuitivt å få kopla opp og satt i gang. Denne Benq-dongelen er løysinga, den funkar kvar gong, og mange av dei som har brukt rommet har vore borti den før, seier Solbakk, og viser fram ein trådlaus sendar frå Benq InstaShow, som koplast til data og sender bilete og lyd til videokanon og høgtalar gjennom USB-C.

Benq InstaShow, trådlaus tilkopling til videokanon og lydanlegg.

Utstyret dei har levert funkar kvar gong, er brukarvenleg og fint integrert i rommet, så eg er veldig godt nøgd med samarbeidet!

Frode Solbakk, Elva Hotel

"Eg skal berre ha svart"

Den andre tydlege føringa frå Frode var knytt til design og integrering i rommet.

– Det er ein viktig del av sjølve konseptet bak hotellet, at ein skal ha minst mogeleg forstyrrande element som stel merksemd frå naturen utanfor. Kvite brytarar, kablar og unødvendige lys og slikt har me vore opptekne av å få vekk. Me har ikkje TV her heller, den beste reality'en du får er jo rett utanfor vindauget her, meiner Frode.‍

Fordi taket i konferanserommet er svart var det viktig å få utstyr i same farge. I taket er det heile tolv heilsvarte, flate høgtalarar frå Yamaha, som sikrar god lyd i heile rommet.

– "Eg skal berre ha svart" er noko eg har sagt mange gonger gjennom heile prosessen. Om det er Bose, Yamaha eller noko anna er ikkje viktig, så lenge fargen er svart og dei kan integrerast fint i rommet!

For å få alle svarte detaljar på plass endte det med at Gøran og Marianne frå Voss Kommunikasjon måtte fram med bengalakken:

– Det var ikkje alt som var mogeleg å få tak i i svart, så då måtte me rett og slett mala det med bengalakk. Gøran malte dekselet til videokanon-heisen, og eg stod nedi kjellaren og malte lerretet, fortel Marianne Sandvik, som har vore konsulent i prosessen.

Arkitektar og ingeniørar i sving

Ein annan utfordring har vore plasseringa av videokanonen.

– Sidan det er ein "knekk" i taket hadde me sett for oss ei løysing der videokanona kunne ligge skjult oppe i himlinga, slik at den vart usynleg for folk i mesteparten av rommet, fortel Frode.

Det har visstnok vore både interiørarkitektar, arkitektar og ingeniørar i sving for å få plassert ei videokanon i riktig vinkel og avstand frå "knekken i taket". Men på grunn av lysarmaturane gjekk det rett og slett ikkje, det var ikkje fysisk mogeleg.

– Heldigvis fekk Tom-Erik og Gøran videokanona montert på heis, så no vert den senka ned frå taket når me treng den, og det funkar veldig bra. Me har både utvendige og innvendige gardiner her, fordi me har dårleg erfaring med å sitta på konferanse og streva med å sjå det som er på lerretet, men så langt har me ikkje brukt dei, fordi videokanona er så lyssterk at biletet er klart og tydeleg uansett lysforhold, seier Solbakk.

– Det kulaste møterommet på Voss

– Allereie når me såg reisverket komma opp her forstod me at dette kom til å bli det kulaste møterommet på Voss, ja heilt i verdsklasse med den utsikten. Difor ville me ha teknisk utstyr som var like bra. Me er strålande fornøgde, dette vart akkurat som me drøymde om! seier Frode Solbakk entusiastisk.

– Alt var bestilt og på lager hjå Voss Kommunikasjon i god tid før me byrja å bygga rommet her, og dei tilpassa seg tidsplanen til håndverkarane. Utstyret dei har levert funkar kvar gong, er brukarvenleg og fint integrert i rommet, så eg er veldig nøgd med samarbeidet, fortel Frode.

Enklare tilkopling og høgare kvalitet

– Det var godt at me fekk komma til i prosessen tidleg, ellers hadde det ikkje vore mogeleg å integrera løysingane like godt. I restauranten fann me ut at me trengte 2 cm ekstra i taket for å kunne integrera høgtalarane, så det er jo sånt som er best å finna ut av tidleg i byggingsarbeidet, fortel Gøran Fimreite frå Voss Kommunikasjon, som har vore teknisk leiar for prosessen med konferanserommet.

Dei siste åra er det mange som har oppdatert konferanse- og møterom med meir moderne utstyr, og det er fleire gode grunnar til å gjera det, i følge Fimreite:

– På litt eldre møterom kan det vera andre, gamle tilkoplingar som ikkje har like god bilete og lydkvalitet. Dei nye standardane er HDMI og USB-C, som gjer det enkelt å kopla på dei fleste datamaskinar og oppnå god kvalitet. Me merkar at folk er villige til å betala litt meir for stilfullt konferanseromsutstyr som er godt integrert. Me har gjort nokre liknande jobbar i det siste der design var viktig, mellom anna for det nye Idrettshuset og idrettsfløyen på Voss ungdomsskule.

Gøran Fimreite og Marianne Sandvik viser fram Benq InstaShow-løysinga.

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.