Himmelsk lyd og bilete i Vangskyrkja

– Det er ikkje kvar dag ein får installera AV-utstyr i ein bygning frå 1200-talet! seier prosjektleiar Espen Selvik.

Vangskyrkja

Aldri meir feedback

Behovet for oppgradering og utskifting av AV-utstyr i Vangskyrkja var heilt tydeleg då dei tok kontakt med Voss Kommunikasjon:

– Dei hadde eit lydanlegg som var ganske utdatert og gammalt, og det same gjaldt video- og bildedistribusjonssystemet, fortel Frank Pedersen som har vore teknisk ansvarleg for utbetringa.

Kunden trakk mellom anna fram feedback som eit problem som var viktig å koma til livs.

– Prestane fortalde at dei sleit med feedback når dei gjekk med “mygg-mikrofon” ut i kyrkjeskipet for å lesa på bårebukettane under gravferd. Det var eit veldig sterkt ønskje å få bukt med dette. No ligg det noise cancelling i miksebordet som fjernar feedback automatisk, utan at ein treng å styra noko eller ha ein som sit og passar på og skrur av når det kjem ulydar, seier Frank.

Dette er berre ein av fleire forbetringar Voss Kommunikasjon har gjort i Vangskyrkja. I tillegg til oppgradering av heile lydsystemet har dei og montert ny, kraftig projektor og oppdatert heile nettverket i kyrkja.

Me har fått eit veldig godt produkt, og eg er imponert over kompetansen til Voss Kommunikasjon og konsulentane dei har brukt.

Svein Tøsse, kyrkjeverje i Vangskyrkja.
I verna bygg som Vangskyrkja lyt ein bruka gamle kabelvegar så langt det lar seg gjera. Sveinung Egdetveit i aksjon i koret. Foto: Sverre Hjørnevik/Mediesmio

Nye og gamle synder

Espen Selvik, rådgjevar bedrift hjå Voss Kommunikasjon, har vore prosjektleiar for oppgraderingane i Vangskyrkja.

– Det er ikkje kvar dag ein får installera AV-utstyr i ein bygning frå 1200-talet! Det er sjølvsagt spesielt og kjekt men utfordrande og, fordi kyrkja er verna er det svært begrensa kva me kan gjera når det kjem nye til føringsvegar og montering, seier Selvik.

Å skru i veggen i kyrkja er ikkje lov, men det finst "gamle synder" i form av tidlegare skruar og feste som framleis kan nyttast. I tillegg har Gjerladstveit Mekaniske AS spesiallaga høytallerstativ som vert festa i golvet. Golvet vart bytta ut etter lekkasje ein gong på 80-talet og er difor ikkje like farleg med.

– Det har vorte mykje opprydning i eksisterande kablar, og me har følgd og nytta gamle unoter. Me har og ført kablar i ein skjult, trang trappegang som går frå koret opp til galleriet, som presten nytta tidlegare, fortel Espen.

Er det nokon andre utfordringar de har hatt i arbeidet?

– Den største utfordringa har kanskje vore å ikkje banna i kyrkja, ler Frank, – Og akkurat det veit eg ikkje heilt om me klarte!

Golvet i Vangskyrkja vart bytta etter ein lekkasje på 80-talet og er difor ikkje like strengt verna som resten av kyrkja. Gjeraldstveit Mekaniske laga spesialtilpassa høgtalarstativ med golvfeste.

Finjustert akustikk

Voss Kommunikasjon er opptekne av å framheva dei gode leverandørane dei støttar seg på i oppdrag som dette.

– Per Øystein Berglund hjå CBK Distribusjon har vore på befaring og foreslått gode løysingar for oss. Det er dei som har levert all elektronikk, høgtalarar og bildestyring, fortel Espen Selvik.

I tillegg har dei hatt ein vaskeekte akustikar med det passande namnet Jo Wang inn i Vangskyrkja for å kalibrera lydanlegget. Han jobbar for Panpot og reiser rundt i Norge og Europa for å finjustera akustikken i lydanlegg på konsertstader, kyrkjer og andre arrangementslokalar.

– Det var fascinerande å sjå kva mogeleheiter som ligg i slik kalibrering av høgtallaranlegg. Jo Wang justerte frekvensar og høgtalarelementvinkelen i dei tre stolpehøgtalarane slik at lyden skal verta lik uansett kvar i kyrkja ein er. No er anlegget kalibrert slik at lyden ikkje treff golv og veggflater, og på den måten unngår ein buldring og ulydar, seier Frank Pedersen.

Den nye, kraftige projektoren kastar eit stort bilete rett opp på langveggen i kyrkja.

Heftig størrelse

Den aller mest iaugefallande oppgraderinga går på bilete og video. Tidlegare var det berre eit lite lerret bak preikestolen, men Voss Kommunikasjon har no installert ein projektor som kastar eit stort bilete rett opp på langveggen, utan behov for lerret.

– Det er ganske heftig størrelse på det nye biletet, og det fungerar overraskande bra å projisera rett på veggen. Dei oppe på galleriet treng ikkje lenger å stå og lena seg over kanten for å få med seg kva som skjer. Dei får både god lyd og bilete der oppe no, så det vert ein fin opplevelse også der, meiner Frank.

Teknisk ansvarleg Frank Pedersen visar medlemmar frå Fellesrådet korleis lyd og bilete kan styrast frå skjermbrett.

Digital kyrkje

Voss Kommunikasjon har og gjort omfattande oppgradering av nettverket i kyrkja, og både lyd og bilete kan no styrast både frå skjermbrett og miksepult i kyrkja, men og eksternt om det skulle verta nødvendig. Altså kan Voss Kommunikasjon gjera justeringar på anlegget uten å vera fysisk til stades i kyrkja.

– Me kan vel eigentleg seia at me har digitalisert kyrkja, og oppgradert frå analogt gammalt utstyr til nytt digitalt utstyr som gir heilt nye mogelegheiter. Allereie under opplæringa var det tydeleg at fleire av dei ulike brukarane i kyrkja begynte å tenka på korleis dei kunne nytta dei nye løysingane til sin fordel. Det finst mange forskjellige behov i kyrkja, og lyd og video er hyppig brukt i til dømes konfirmasjonsundervisning og korøving. Med det nye anlegget kan dei no forbetra kvaliteten på det dei gjer, seier Espen Selvik.


Kyrkja har mange ulike brukarar med forskjellige behov når det kjem til lyd, bilete og video.

Imponert over kompetansen

Svein Tøsse er kyrkjeverje i Vangskyrkja, og oppdragsgivar på AV-oppgraderinga. Han har god erfaring med Voss Kommunikasjon frå før, då kyrkja brukar Voss Kommunikasjon som IT-konsulent når det oppstår ting som Kirkepartner (den norske kyrkja si IKT-leverandør) ikkje kan løysa frå Oslo.

– Eg har hatt god kommunikasjon med Espen gjennom heile arbeidet, og eg høyrer berre skryt og positive tilbakemeldingar på både lyd og bilete no som me er i hamn med prosjektet. Det har til og med vore folk som brukar høyreapparat som seier at dei ikkje treng å bruka teleslyngefunksjon fordi dei høyrer uttale og diksjon så mykje betre no. Me har fått eit veldig godt produkt, og eg er imponert over kompetansen til Voss Kommunikasjon og konsulentane dei har brukt, seier Tøsse.

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.