2023 så langt: – Jamt hektisk, men kjekt!

Fyrste halvdelen av 2023 går mot slutten, og me tek oss tid til å oppsummera eit innhaldsrikt halvår med mange nye kundar og varierte oppdrag. Me ynskjer ein god sommar til alle kundar og samarbeidspartnarar!

– Det har vore jamt hektisk, vil eg seia! Me opplever god tilgang til oppdrag, og me merker at behovet er der for dei tenestene me leverer. Det er ikkje berre produkt folk vil ha, men tenester og hjelp i møte med  mangfaldet innan IT, data og programvare. Me er opptekne av å bruka teknologien smart og hjelpa kundar med å finna løysingar som funkar for dei, fortel sals- og marknadssjef Tom-Erik Jensen.

Dagleg leiar Roger Hovland seier seg einig i beskrivinga av den fyrste halvdelen av året:

– Ja, om ein skal bruka eitt ord er det vel nettopp hektisk, men samstundes veldig kjekt! Det er mange nye kundar, og folk som treng hjelp med alt frå IT-tryggleik til forbetring av dokumentflyt og mykje anna.

Me er glade i slike oppdrag, der kun det beste er godt nok, og det er kjekt når kunden vert nøgd med løysingane våre.

Tom-Erik Jensen
Vegard Hansen frå Vegtilsynet og dagleg leiar Roger Hovland signerer kontrakt. Foto: Mediesmio/Sverre Hjørnevik.

Nye IT-kundar

Det har vore stor pågang frå nye kundar i år, og noko av det me verkeleg likar er når kundar vil bruka oss som totalleverandør og IT-avdeling, slik at me held i alt det tekniske, frå programvare til nettverk, data og telefoni.

– Me har mellom anna vorte IT-avdelinga til ingeniørselskapet H2 Hardanger no, og i tillegg tek me hand om telefoni for dei. Dei hadde fleire ulike leverandørar tidlegare, og no får dei samla alt det tekniske på ein stad, så har dei ein aktør å forholde seg til når dei treng noko. Dei har for øvrig vore ein heilt super kunde å jobba med, tydelege på kommunikasjon og med god kontroll på kva dei trengte, fortel Marianne Sandvik, rådgjevar bedrift.

Ein annan stor ny kunde er Vegtilsynet, der me nyleg vann offentleg anbod for å verta totalleverandør av IT-tenester. Du kan lesa meir om vårt samarbeid med Vegtilsynet her.

Den nye nettsida til Voss Parkering. Nettsida er laga av vår samarbeidspartnar Mediesmio, med hosting på Vossaskyen.

Fleire oppdrag for Voss herad

– Me har fått ein veldig god dialog med Voss herad etter kvart, og det er sjølvsagt kjempestas for oss som lokal leverandør. Me har levert mykje til dei, og dei inviterer oss inn inn i anbud når det kjem nye oppdrag. Me konkurrerer på pris og kvalitet i anbuda, også har me jo ein fordel i det at me er lokale. Det ligg både tidssparing og miljøgevinst der, når me omtrent kan hiva oss på sykkelen når dei treng hjelp, fortel Roger Hovland, dagleg leiar.

Me har mellom anna levert maskinvare og møteromsutstyr til Voss herad dette halvåret, og me vann anbudet som gjeld teknisk utstyr til den nye idrettsfløyen på ungdomsskulen. Det kommunalt eigde selskapet Voss Parkering har og vorte ein kunde, med nettverk, Office 365 og ny nettside med hosting i Vossaskyen, laga av vår samarbeidspartnar Mediesmio.

Det splitter nye design- og landskapshotellet Elva Hotel, der me har levert konferanseromsutstyr. Foto: Mediesmio/Sverre Hjørnevik.

Store møterom med spesielle krav

Mange kundar har og vore interesserte i å oppgradera møte- eller fleirbruksromma sine med betre videokonferanseutstyr.

– Dette halvåret har me og levert lyd og bilete til konferansesalen til det nye design- og landskapshotellet Elva Hotel ved Lundarvatnet. Her hadde arkitekten spesielle krav til utstyret, både når det gjaldt kvalitet, plassering, utforming og integrering i rommet. Me er glade i slike oppdrag, der kun det beste er godt nok, og det er kjekt når kunden vert nøgd med løysingane våre, seier Tom-Erik Jensen.

I tillegg kjem det nye Idrettshuset til FBK Voss og Voss IL, der me leverer lerret, videokanon og høgtalarar til fleirbruksrom.

Frå lanseringa av Sognenett IT i februar 2023. Foto: Sognenett IT.

På eigarsida i Sogn

I februar gjekk me inn som eigar i det nye selskapet Sognenett IT, saman med Sognenett AS og Vik IT-partnar. Dei siste åra har me sett kor mykje det betyr å vera til stades lokalt, og dette ønskjer me å byggje vidare på rundt om i Sogn og elles.

Du kan lesa meir om lanseringa av Sognenett IT her.

Stine Pettersen Bleie og Monica Hommedal Pedersen merkar at det framleis er liv i privatmarknaden på Vangen. Foto: Mediesmio.

God pågang i butikken

Også i butikken i Uttrågata har det vore eit halvår med god pågang frå kundar.

– Me merker godt at det er meir liv her, det er ganske jamn flyt inn i butikken, så det er framleis liv i privatmarknaden, seier Stine Pettersen Bleie. Saman med Monica Hommedal Pedersen er ho ansvarleg for sal i butikken.

Monica jobba tidlegare for Mobit Voss, og fekk jobb i butikken hjå Voss Kommunikasjon etter oppkjøpet i 2022.

– Det er kjekt å sjå at kundar eg kjenner att frå Mobit kjem bort her. No er det éin butikk på vangen for privatmarknad på IT og telefoni, så då vert det ein del pågang, fortel Monica Hommedal Pedersen.

Men kva går det mest av i butikken for tida?

– Akkurat no går det mykje i telefonar og tilbehør. Og me har fått inn mykje nytt innan jaktradioar, så det kjem det nok til å gå ein del av utover hausten, fortel Stine.

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.