Har du teknisk kompetanse og kunden i fokus?

Me har ei ledig stilling innan IT-support.

Stillingstittel: IT-support

Frist: Snarast

Tilsetjingsform: Fast

Me er på jakt etter vår nye 1. linje IT-konsulent.

I denne stillinga vil du vera fyrste kontaktpunkt for support for kundane våre. Primære arbeidsoppgåver vil vera teknisk support via telefon og via vårt sakssystem. Dette inneber blant anna feilsøking på arbeidsklientar, installasjon av programvare, Microsoft365-support, support på nettverk, support knytt til vårt datasenter Vossaskyen og alle andre tekniske utfordringar våre kundar måtte ha.

Kvalifikasjonar:

Du må ha relevant IKT-utdanning (fagbrev eller bachelor). Du er fagleg dyktig og har god evne til læring. Fint om du har 1-3 års arbeidserfaring, helst frå liknande roller, men dette er ikkje eit absolutt krav, så lenge du kan vise til at du behersker arbeidsoppgåvene. Du må beherske norsk og engelsk bra. Du må ha førarkort klasse B.

Me ynskjer i tillegg:

  • Inngåande kjennskap til Microsoft 365: Teams, SharePoint, Exchange m.m.
  • Kjennskap til nettverk, Microsoft server og Microsoft Azure
  • Evnen til å raskt setja seg inn i ny teknologi og arkitektur

Personlege eigenskapar:

For å lukkast i denne stillinga må du lika å ta ansvar, vera engasjert og ha stor interesse for den tekniske verda. Du har eit sterkt kundefokus og har gode samarbeidsevner. Du er ein sjølvstendig problemløysar med teknisk nysgjerrigheit og har evne til å takla høgt tempo og håndtera fleire oppgåver samtidig. Du må vera punktleg og etterretteleg, då kunden er avhengig av deg. Du har ein utprega serviceinnstilling – kunden i fokus!

Me tilbyr:

Ein spennande stilling i eit framoverlent og fartsfylt miljø. Gode moglegheiter for eigenlæring, kursing og sertifisering innan ulike fagområde. Me ynskjer å ha det kjekt på jobb, og kunden skal syns at det er kjekt å vera partnar med oss. Varierte arbeidsdagar i ein hektisk men morosam kvardag.

Er dette jobben for deg?

Søk stillinga via Finn-annonsa her!

Ta kontakt med teknisk leiar Bård Magnus Fatland om du har spørsmål til stillinga.
99 51 99 99 / bard@vossk.no

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.