Er du vår nye engasjerte butikkmedarbeidar?

Er du god på kundepleie og engasjert og driftig når det kjem til sal? Voss Kommunikasjon søker no etter ein ny butikkmedarbeidar til butikken vår midt på Vangen.

Butikken til Voss Kommunikasjon

Stilling: Butikkmedarbeidar

Stillingstype: Fast, 100%

Søknadsfrist: Snarast

OM STILLINGA:

Dette er ein fulltidsstilling (100%) med arbeidstid frå 08.30 til 16.30 måndag til fredag, og kvar 3-4 laurdag. Du vil ha eit variert arbeidsområde, med ansvar for sal av produkt og tenester, løysing av kundeutfordringar, og vedlikehald av lager og butikken sin utsjånad. Du vil også bidra i utforming av kampanjar og aktivitetar i samarbeid med vår marknadsavdeling, og ha ansvar for varebestilling/varemottak og lagerstyring.

OM DEG:

Du er serviceinnstilt og likar å snakka med nye menneske. Du er nysgjerrig og flink til å kommunisera, og finna dei gode løysingane saman med kunden. Det er ein fordel med erfaring frå bransjen, men om du er personleg egna og har sterk motivasjon kan dette vega opp for manglande erfaring. Du vert ein del av eit spanande salsteam som alle vil arbeida for at du skal lukkast og utvikla deg i stillinga.

KVALIFIKASJONAR ME SER ETTER:

  • Sterk i kommunikasjon og kundeservice, med flytende norsk skriftleg og muntleg.
  • Sjølvstendig, målretta og lærevillig.
  • Interesse for IT og telekom.
  • Butikk- eller salserfaring.
  • Sterkt ynskje om å læra nye tenester og teknologier.
  • Førarkort klasse B.

ME TILBYR:

  • Spennande salsoppgåver i ein dynamisk bransje.
  • Støtte og opplæring frå erfarne kollegaer.
  • Ein arbeidskvardag der du kan påverka og utvikla deg.
  • Gode utviklingsmogelegheiter internt i selskapet.

Vil du bli ein del av team'et vårt?

SEND CV OG SØKNAD DIREKTE PÅ E-POST TIL TOM@VOSSK.NO

Sals- og marknadssjef Tom-Erik Jensen gler seg til å lesa søknaden din! Du når han på e-post tom@vossk.no og telefon 91 37 50 04 om du har spørsmål.

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.