Brukarvenleg møterom: – Alt her er handla på Voss!

Når Voss DPS NKS Bjørkeli fyrst skulle få nytt møterom ville dei gjera det ordentleg. Dei valde løysingar i høg kvalitet frå lokale leverandørar, og resultatet vart brukarvenleg, komfortabelt og saumlaust tilpassa rommet.

Nytt møterom hjå Voss DPS NKS Bjørkeli.

Bygd for framtida

– Me tok utgangspunkt i at me ville ha Rolls Royce-løysinga, også nedskalerte me derifrå, til noko som passa vårt budsjett og det me driv med. Dette skal vera eit rom bygd for framtida, med skikkelige ting som varer, fortel Henriette Hereid Gjeraldstveit frå Bjørkeli.

Ho og kollega Borgny Instanes har vore aktivt med i utforminga av rommet, med god fokus på detaljar og tilpassa løysingar. Fargane i rommet speglar nybygget på andre sida av gata, og fondveggen og talarstolen er spesiallaga av vaktmeister Steinar Kvamme, med logoen til Norske Kvinners Sanitetsforening fint integrert i treverket. Stolar med hjul og god korsryggstøtte, bord og lysskjerming er levert av TeBe interiør, og visstnok er dette det lengste konferansebordet Terje Eide frå TeBe har levert nokon gong!

– Å bruka lokale leverandørar er viktig for oss, og eg trur det er heilt nødvendig å handle lokalt om me vil ha ei levande bygd. Det er ikkje noko her inne som er handla utanfor Voss! seier Borgny Instanes.

Terje Eide, Gøran Fimreite, Borgny Instanes og Henriette Hereid Gjeraldstveit.

Å bruka lokale leverandørar er viktig for oss, og eg trur det er heilt nødvendig å handle lokalt om me vil ha ei levande bygd.

- Borgny Instanes, Voss DPS NKS Bjørkeli

Saumlaus "plug and play"

Voss Kommunikasjon har levert og installert topp moderne videokonferanseutstyr i rommet, men ein lyt sjå godt etter for å få auge på det tekniske utstyret.

– Dette rommet er eit godt døme på kor godt resultatet vert når me er involvert tidleg i byggeprosessen. Det er sikkert hundre meter med kablar her inne, men dei synest ikkje, fordi dei er lagt i renner under golvet. Høgtalarar og anna teknisk utstyr er også godt integrert og skjult i plassbygde møblar. Me har lagt opp mange tilkoplingspunkt rundt i rommet, blant anna i praktiske bordbrønnar, fortel Gøran Fimreite frå Voss Kommunikasjon, som har hatt ansvar for installeringa.

Det var viktig for Bjørkeli å få ei "plug and play"-løysing for tilkopling til videokonferanseutstyret, slik at ein enkelt kan kopla seg til projektor, skjerm, kamera og mikrofon med ulike einingar, utan å måtte vera dataekspert for å få riktig lyd og bilete.

– Me har brukt hybride, fiberoptiske HDMI-kablar, noko som gjer at ein kan kopla HDMI-einingar over lengre avstandar utan tap av data. Desse går inn i ein "scaler" og signalprosessor som tilpassar lyd og bilete til projektor, slaveskjerm og høgtalarar, forklarar Fimreite.

Gjeraldstveit og Instanes har allereie fått gode tilbakemeldingar på komfortable stolar, enkel tilkopling og det fine snikkararbeidet i rommet frå møtedeltakarar.

– Me er veldig godt nøgde med resultatet og servicen: Både Voss Kommunikasjon og TeBe er raske til å hiva seg rundt og finna lure løysingar, gode på oppfølging, og alltid imøtekomande og serviceinnstilte! seier Henriette og Borgny.

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.