Bidrag til ei aktiv og levande bygd

Gjennom året sponsar me i Voss Kommunikasjon fleire aktivitetar og arrangement innan kultur og idrett. Me tok ein prat med eldsjel Arnstein Aas om forholdet mellom langrenn og lokalt næringsliv.

Arnstein Aas, biletet er tatt av Ørjan Brattetveit i Avisa Hordaland.

Biletet av Arnstein Aas under Norgescupen 2023 på Voss er tatt av Ørjan Brattetveit i Avisa Hordaland.

Dugnadsånd på bygda

Me er heldige som bur i ei aktiv og levande bygd. Det er eit rikt utval av idrettslag, ute- og inneaktivitetar og kulturarrangement for store og små her på Voss, men det er viktig å hugsa at dette ikkje er noko som berre skjer av seg sjølv.

Utan alle dei som bidreg med dugnadsånd og frivillig arbeid hadde det ikkje vore mogeleg. Me er er glade for å kunna vera med å "dra lasset" saman med desse i form av sponsing til eit utval lag, aktivitetar og kultur i bygda.

Det som var ekstra kjekt med støtta frå Voss Kommunikasjon var at dei bidrog med både kompetanse og IT-utstyr i tillegg til pengestøtte.

Arnstein Aas, eldsjel i langrennssporten på Voss.

Store arrangement treng mykje støtte

Langrenn er ein av aktivitetane Voss Kommunikasjon støtter opp om, blant anna med sponsing av Vossalangrenn, Voss Ski- og Tursenter og Norgescupen for juniorar som var arrangert der førre sesong (2023 Equinor NC jr. Voss).

– Det er mange som bidreg mykje for at lagslivet og langrennsaktivitetane skal fungera, både i form av dugnadsarbeid og økonomisk spons og gåver. Me er heilt avhengige av å ha bidragsytarar frå lokalt næringsliv med på dugnaden, fortel Arnstein Aas.

Han er ein av eldsjelane i Voss Ski- og Tursenter og styreleiar i Vossalangrenn.

– Norgescupen me hadde her i førre sesong gjekk over tre dagar med 800 deltakarar og 2400 startarar. For å få til eit så stort arrangement i ei lita bygd er det klart at me treng mykje støtte. Det som var ekstra kjekt med støtta frå Voss Kommunikasjon i dette høvet var at dei bidrog med kompetanse og IT-utstyr i tillegg til økonomisk støtte. Me fekk låna pc'ar og fekk generelt god hjelp på IT og kommunikasjon. Det er kjekt at dei bidreg på fleire frontar, meiner Aas.

Vossalangrenn er viktig for bygda

Aas vil og nemna Vossalangrenn som ein viktig drivar innan langrennssporten i bygda.

– Vossalangrenn er ein samordning mellom alle idrettslagene her på voss, på kryss av alle klubbane. Kongstanken er å få ungdommen til å komma saman i langrennsporten, slik at dei kan trena i lag, ha det kjekt og kanskje driva på aktivt litt lenger. Dette initiativet er eit godt døme på noko som ikkje hadde gått til utan mykje dugnadsånd og god støtte frå sånne som Voss Kommunikasjon som er med og bidrar, meiner Arnstein Aas.

Me er med på dugnaden

Me er stolte av å bidra til ei rekke aktivitetar og arrangement innan idrett og kultur gjennom året, som til dømes Osafestivalen, Vossa Jazz, FBK Voss, Voss Golfklubb, Heidrafest, Viljar, Bømomarsjen, Landsskyttarstevnet med meir!

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.