Kva PC-skjerm bør du velje?

I ei verksemd er det kanskje like mange ulike behov og krav til arbeidsplassen som det er tilsette. Dei fleste av oss sit framfor PC-skjermen i fleire timar kvar dag, og det er mykje å ta omsyn til.

Marianne Sandvik, PC-skjermar hjå Voss Kommunikasjon.

Har skjermen godt lys?

Det er stor forskjell på billige og litt dyrare skjermar, mykje blått lys er ikkje bra for augo, og kan i vesrte fall gå utover nattesøvnen.

Er skjermen flimmerfri?

Pass på at skjermen du vel har flimmerfritt lys. Dette er ikkje noko du kan sjå med berre augo, men det står i spesifikasjonane om skjermen.

Har skjermen god nok oppløysing?

Dersom oppløysinga er for dårleg så er det fort gjort at ein byrjar mysa, ein vert sliten i augo og får ofte hovudverk.

Har skjermen rett høgde for deg?

For å spara nakke og skuldre er det viktig at skjermen kan tilpassast di arbeidshøgd. Mange skjermar kan tiltast og justerast opp eller ned. Om skjermen har alle desse funksjonane, er det større sjanse for at du får ei bra arbeidsstilling.

Skjermbehovet vil variera alt ettersom kva oppgåver du utfører i bedrifta. Arbeider du med fleire opne program samstundes har du gjerne behov for både to og tre skjermar. Du slepp opne/lukke programma og får ein meir effektiv arbeidskvardag. Her i Voss Kommunikasjon er me opptekne av å finna den absolutt beste løysinga for deg. Me har alle forskjellige skjermløysingar. Om du ynskjer er du hjarteleg velkomen innom for å sjå, eller for å slå av ein prat for å finna ut kva som passar deg best.

For oss som byrjar å bli litt grå i håret, og har fått brillene godt plassert på nasen, er det eit stort pluss å kunna blåsa opp skriftstorleiken og likevel ha mykje plass att på skjermen.

Roger Hovland, dagleg leiar

Kva skjermløysingar føretrekker våre tilsette?

Marianne: 3 stk Samsung 24’’ LED

– Eg likar å ha mailen fast på skjermen som står på høgkant, nettsider er og heilt supert. På dei andre to varierar eg med ordre-tilbodsarbeid, Excel ark, bestillingar m.m. Skjermane eg brukar er av den rimelege varianten, men dei kan både høgdejusterast og tiltast. Eg kunne ikkje gått tilbake til kun to skjermar!

Roger: Samsung 49’’ LED - Curved

– Det er svært fleksibelt å sitja å jobba på ein så stor skjerm då eg kan jobba i mange vindauge samstundes. Eg kan dela den opp i førehandsdefinerte felt, eller slik eg ynskjer sjølv. For oss som byrjar å bli litt grå i håret, og har fått brillene godt plassert på nasen, er det eit stort pluss å kunna blåsa opp skriftstorleiken og likevel ha mykje plass att på skjermen.

Bård: 2 stk Lenovo ThinkVision 27’’

Skjermane eg brukar har høg oppløysing, noko som gjev eit skarp og tydeleg bilete. Samstundes får eg god oversikt over det eg jobbar med. Det er behageleg å sitja framføre desse skjermane, sjølv over lenger tid. Høgdejustering, tilt og moglegheita til å vri skjermen på sokkelen, gjer at det er enkelt å tilpassa dei i rett arbeidshøgde.

Tom-Erik: 2 stk Lenovo ThinkVision 32’’

Å kunna arbeida i fleire skjermbilete er heilt nødvendig. Desse skjermane er så god storleik at eg kan dele kvar skjerm i to, og dermed kan eg ha fire ulike program oppe samstundes. Høgdejustering, tilt og moglegheita til å vri skjermen på sokkelen gjer at det er enkelt å tilpassa den til ein 2-metring.

Vegard: 4 stk 27’’ Phillips - Curved

Som kontrollør så sit eg i fleire ulike modular i økonomisystemet vårt og det blir mykje sjekk fram og tilbake. Derfor passa løysinga med fire fulle skjermar meg særs bra. Alle skjermane er festa til same stativ, som står stødig på ein sokkel. Skjermstativet har gode justeringsmoglegheiter og støttar skjermar opp til 27''.

For uforplikta tilbud eller meir info, ta kontakt med marianne@vossk.no

Fyrst publisert 18.02.2021

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.