Mobit Voss + Voss Kommunikasjon

Mobit Voss vert kjøpt opp av Voss Kommunikasjon.

Roger Hovland og Espen Selvik.

Voss Kommunikasjon kjøper opp Mobit Voss 1. april 2022! Mobit-butikken i Skulegata 2 vert stengd, og dei tilsette flyttar bort i Voss Kommunikasjon sine lokale i Uttrågata.

Voss Kommunikasjon har tilknyting til Mobit-kjeda som medlem, mens Mobit Voss var ein av 35 kjerneforhandlarar i Mobit-kjeda før denne samanslåinga.

– Det er betre å vere ein stor aktør enn to små i denne bransjen, blant anna grunna høge krav til sertifisering og eit pressa marginbilete. Når me no slår oss saman med Mobit Voss og konsoliderer ressursar og kompetanse, gjer dette det mogeleg for oss å levere endå betre tenester som totalleverandør innan telekommunikasjon og IT-tenester. Dette er ein vinn-vinn situasjon for både kundar, tilsette og bygda generelt, seier Roger Hovland, dagleg leiar i Voss Kommunikasjon.

Dette er ein vinn-vinn situasjon for både kundar, tilsette og bygda generelt.

Roger Hovland, dagleg leiar i Voss Kommunikasjon

Både Voss Kommunikasjon og Mobit Voss (òg kjend som Telebutikken Voss) er verksemder med lang fartstid på Voss. Dei starta begge opp på tidleg 90-tal, og har slik sett til saman nesten 60 år med erfaring innan telekommunikasjon og IT.

– Dette er ein glad dag for begge partar! Me utfyller og komplementerer kvarandre bra, og me i Mobit Voss gler oss til å bruke vår kompetanse innan telekom til å utvikle Voss Kommunikasjon som totalleverandør. Me håpar og trur at alle kundane våre vert med oss vidare til Voss Kommunikasjon, seier Espen Selvik, dagleg leiar i Mobit Voss.

Fyrst publisert april 2022

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.